Vi inviterer ungdom frå 8. klasse - 20 år til rusfritt arrangement på Martin Linge-huset i Valldal torsdag 30. april. Fotball-freestyler Tobias Becs kjem, i tillegg blir det open hall, musikk og dans!
MOT til 1. mai
Som tidlegare år inviterer MOT Fjord og unge-MOTivatorar til MOT til 1. mai.
Dette er eit rusfritt arrangement for ungdom frå 8. klasse til 20 år som bur i Fjord og i nabokommunane.
Sprei ordet og få med alle ungdommane våre!

Når og kvar?
Tid: torsdag 30. april klokka 19:30-24:00
Stad: Martin Linge-huset i Valldal
Program
- Fotball-freestyler Tobias Becs
- Musikk og dans
- Gratis pizza og sal av is
- Open idrettshall
- Gratis inngang
Gratis skyss - påmeldingsfrist onsdag 29. april klokka 20
Gratis transport til og frå arrangementet for ungdom frå bygdene rundt Valldal.
Til arrangementet
Kl 18:30 Buss frå Best Stordal via Gravaneset/Liabygda (ferje frå Stranda kl 18:45) og Linge ferjekai (ferje frå Eidsdal kl 19:00) til Valldal.
Frå arrangementet
*Kl. 22:45 Frå Valldal til Linge ferjekai og Gravaneset (Kun ved behov om det er påmeldte som ønskjer skyss til dette tidspunktet)
Kl. 23:50 Buss frå Valldal til Stordal (køyrer via båttransport i Valldal sentrum)
Kl. 24:00 Båttransport frå Valldal til Eidsdal/Norddal
Båtskyss (retur) ved Uteguiden: Det blir sett opp ein eller to avgangar, avhengig av kor mange påmeldte det blir. Vi vil informere om dette etter påmeldingsfristen. Båten går frå kaia ved Muritunet/helsehuset.

Takk
Takk til støttespelarane for MOT-arrangementet: Sparebanken Møre, Uteguiden, Ungdom og fritid, Orkla Foods, Fjord kommune
Publisert 28.04.2026 08.34
Sist endra 28.04.2026 12.01