Møt ordføraren

Ordførar Terese Jemtegård Moen ønskjer å få til ein fast, uformell møteplass der det er lett for folk å slenge innom, slå av ein prat og kome med innspel.  Difor blir det arrangert opne kontordagar på kommunehuset i Stordal og på nærbutikkane i Tafjord, Norddal og Eidsdal.

Ordføraren har kontordag på kommunehuset i Stordal

Ordførar Terese Jemtegård Moen legg opp til å ha kontordag på kommunehuset i Stordal annankvar veke, og oppmodar folk om å kome innom og slå av ein prat.

Komande kontordagar er torsdag 1. februar og torsdag 15. februar kl. 10-15.

Ordføraren har kontordag på nærbutikken

Ordførar Terese Jemtegård Moen ønskjer også å få til ein fast, uformell møteplass i dei andre bygdene, der det er lett for folk å slenge innom, slå av ein prat og kome med innspel. Difor er det gjort avtale med nærbutikkane i Tafjord, Norddal og Eidsdal om å ha kontordag på butikken ein gong i månaden.

Fredag 02. februar kl 14-17: Alf Tafjord Landhandel i Tafjord
Laurdag 03. februar kl 09-16: Nærbutikken i Norddal.
Fredag 16. februar kl 09-17: Coop Marked Eidsdal.

Vel møtt!

Desse kontordagane vil bli lagt ut i Kva skjer-kalenderen på heimesidene og på opplevfjord.no
Elles er naturlegvis alle velkomne til å stikke innom på ordførarkontoret på rådhuset i Valldal.