Mobilt pass- og ID-kontor sommar 2026
Det er framleis ledige timar for å bestille pass og ID-kort på det mobile kontoret som kjem til Valldal 30. juni - 2. juli.
Pass og nasjonalt ID-kort
Politiet
Mobilt pass og ID-kontor
Politiet har eit mobilt pass- og ID-kontor i ein bil ("passbussen") som køyrer mellom ulike stoppestader i heile landet. Kontoret har utstyr for å bestille nytt pass og nasjonalt ID-kort. Det er to slike bilar i Norge, og Valldal er ein av stoppestadane på køyreruta.
Tid og stad
Det mobile kontoret blir ståande på nedsida av rådhuset til desse tidene sommaren 2026:
Tirsdag 30. juni kl. 08.00 - 15.30
Onsdag 1. juli kl. 08.00 - 15.30
Torsdag 2. juli kl. 08.00 - 16.00
Bestill time
Om du vil benytte deg av tilbodet må du bestille time til passbussen hos politiet. Det er ikkje høve til drop-in timar.
Om du ikkje finn ledige timar så følg med på bestillingssida om det dukkar opp noko som blir ledig som resultat av avbestillingar.
Samtykke
Samtykke frå føresette som gjeld pass til barn kan gjerast utan avtalt time.
All generell informasjon om pass-søknadar og samtykke finn du på på politiet si nettside.
Publisert 05.06.2026 11.19
Sist endra 05.06.2026 11.19