Mini bibliotek-utsal

Velkomen innom bibliotekets mini-utsal på rådhuset.

innandørs, vegg, dør med plakat - Klikk for stort bilete

I samband med overføring til nytt fagsystem hos biblioteket blir det eit sjølvbetent utsal ved rådhuset. Utsalet er plassert like ved servicetorget og er ope kvar dag klokka 10-14 eller i biblioteket si opningstid.

Biblioteket får stadig nytt påfyll av bøker og gamle må kasserast for å få plass til nye. Dette er bøker, lydbøker, musikk og filmar for både barn og vaksne som ikkje har vore utlånt på lang tid. Kanskje finn du eit kupp her! 

Betaling med Vipps.

Utsalet vil få nytt påfyll etterkvart. Det vil også kome liknande utsal ved dei andre biblioteka.

 

Informasjon om Fjord bibliotek

Iryna Kutsa
Fjord bibliotek, avdeling Eidsdal og Valldal
E-post
Mobil 41 86 78 32