Midlar til mulegheitsstudie for Eidsdal og Stordal
Kompetanse- og næringsutvalet i Møre og Romsdal fylkeskommune har vedteke å løyve 750.000 kroner til mulegheitsstudie som skal bli til utviklingsplanar for Eidsdal og Stordal.

Fylkeskommunen skriv i si vurdering at dei ser positivt på at Fjord kommune med dette ønsker å nytte erfaringar og opparbeidd kunnskap frå tidlegare gjennomførte prosessar som har gjeve gode resultat. Det vert også lagt vekt på at Fjord kommune er eit godt døme for andre distriktskommunar på korleis ein kan kople planlegging, kommunale tenester, bustadutviklig og stadutvikling. Fylkeskommunen vektlegg at slike døme trengs i ei tid der ressursane er knappe og ein må leite etter grep som løyser fleire oppgåver og når fleire mål samtidig.
Les meir på sidene til Møre og Romsdal fylkeskommune.
Publisert 23.03.2026 12.49
Sist endra 23.03.2026 12.49