Martyna til UKM landsfestival

Martyna Nowicka er tatt ut til å representere Fjord kommune og Møre og Romsdal under årets UKM landsfestival i Trondheim. 

Martyna er 17 år og bur i Stordal. Martyna driv med digital teikning og det er dette ho skal vise fram på UKM-festivalen i juni. Ho er ein av 21 ungdommar frå fylket vårt som reiser til Trondheim.

Teikningar frå Old Valyria

dekorativ - Klikk for stort bileteFrå fantasiverda Old Valyria Martyna Nowicka

Martyna skriv dette om teikningane: “Dei er basert på A song of ice and fire -bokserien og dei høyrer til ein del av den fantasiverda som blir kalla for Old Valyria. Teikningane er i svart og kvitt (grayscale) sidan det finst ikkje så mykje konkret informasjon om Old Valyria. Dette gjer det mogleg å vere meir kreativ i tolkinga av korleis det kunne ha sett ut der.” 

UKM-festivalen

UKM  - Ung Kultur Møtes - fyller 40 år og ønskjer velkomen til landsfestival i Trondheim 21.-25. juni. UKM landsfestivalen er ein av Noregs største rusfrie festivalar for ungdom. Her kan du oppleve dagsaktuell ung kultur presentert av 500 ungdommar fra heile landet. Deltakarane bidrar med ulike innslag innan musikk, film, visuell kunst, dans og teater og dei står sjølv for produksjon av TV-sendingar om arrangementet. 

UKM fyller 40 år og inviterer til landsfestival i Trondheim i juni.

Dekorativ - Klikk for stort bilete"Dette er to sjølvlaga karakterar basert på boka Game of thrones, den første boka i serien A song of ice and fire av George RR Martin. Ho heilt til venstre med ein mørke raud kjole heite Arrana and ho i svart heite Amadora. Teikninga skal vise korleis Amadora drep Arrana." Martyna Nowicka

D

 

 

 

 

 

 

 

Vil du bli med på fylkesfestivalen 2025?

Martyna var ein av tre deltakarar frå Fjord kommune under fylkesfestivalen på Aure hausten 2024. Kanskje du vil bli med neste gong? 4.-6. oktober 2025 blir det fylkesfestival på Hareid. 

Følg med på UKM si nettside for meir informasjon om korleis du kan bli deltakar.

Hallgeir Hove
Kulturkonsulent/dagleg leiar Stordalshallen
E-post
Telefon 90 94 93 58