Markering av Eldredagen 2026Lytt til tekstenStopp avspillingEldredagen 1. oktober er ei internasjonal markering som løftar fram eldre som ein verdifull ressurs i samfunnet. I Fjord vart dagen markert med seniormiddag på Valldal Fjordhotell - og det er framleis ledige plassar på seniormiddagane på Nilsgardsstunet og i Nerigardsløa - meld deg på!Vallda Fjordhotell 1. oktoberDet var om lag hundre personar til stades på den første seniormiddagen i år. Vi fekk teste ut den nye storstova til fjordhotellet, det var god stemning og og deltakarane gav gode tilbakemeldingar på mat og servering. Vi fekk også oppleve vakker musikk av Konstantin. Varaordførar Lars Kristian Øvrebust var til stades og snakka mellom anna om eldrekrafta som vi har i Fjord og alt det gode som kjem ut av den. Frivilligsentralane snakka om ABC Oktober og frivillig innsats - vi har alle noko vi kan bidra med i lokalsamfunnet - har du funne di oppgåve?Eldredagen – ein hyllest til livserfaring, fellesskap og engasjementEldredagen 1.oktober er ei internasjonal markering som løftar fram eldre som en verdifull ressurs i samfunnet. Dette er ein dag for fagleg påfyll og sosialt fellesskap som skal minne oss om betydninga av å vere trygg og inkludert i lokalsamfunnet. Vi lever lengre enn nokon gong før og vi treng eit samfunn rigga for aktive eldre.Senteret for eit aldersvenleg NorgePensjonistforbundetSamarbeid med pensjonistlagaVi takkar pensjonistlaga i kommunen for godt samarbeid om tiltaket som er finansiert med tilskot frå Pensjonistforbundet. Plass til fleireDet er framleis ledige plassar på seniormiddagane på Nilsgardsstunet og i Nerigardsløa. Onsdag 7. oktober klokka 15.00: Nilsgardstunet i Stordal - påmeldingsfrist 2. oktoberTosdag 15. oktober klokka 15.00: Nerigardsløa i Eidsdal - påmeldingsfrist 9. oktober Påmeldingsskjema for seniormiddag Publisert 02.10.2026 14.57 Sist endra 02.10.2026 15.03