Mange svar på innbyggjarundersøkinga
Vi ønskjer å takke alle som svarte på innbyggjarundersøkinga i november med spesiell fokus på bustadbehov. Vi har fått inn 667 svar, og det er vi godt nøgde med.

Svara skal bearbeidast og gi endå bedre innsikt og kunnskap om bustadsituasjonen i kommunen. Det vil kome meir informasjon om resultata når vi har fått arbeidd meir med dei.
Det var i undersøkinga muleg å legge igjen kontaktinformasjon om ein ønskte å bli kontakta av kommunen. Dei som var aktuelle har vi tatt kontakt med.
Set du og lurer på noko i forhold til økonomi, rehabilitering av bustad eller anna, så kan du ta direkte kontakt med oss for hjelp og støtte.
Du kan kontakte Are Leira på tlf. 974 18 838, eller servicetorget på tlf. 418 67 800.
Publisert 07.01.2026 14.10
Sist endra 07.01.2026 14.10