
Årssamling og erfaringsdeling
Det er i januar gjennomført årssamlingar ved alle brannstasjonene i Fjord og Stranda brann- og redningsvesen. Dette er ei kveldssamling med gjennomgang av oppdrag gjennom året. Erfaringsdeling med dei som ikkje direkte har stått i sjølve hendinga er viktig læring.
App for tilsette
Brann og redning har eigen app for tilsette der informasjon vert lagt tilgengelig. Registrering av sertifisering, eksponering, tiltakskort og øvelsesplanar er noko av det den viser. Ein gjennomgang med brukarrettleiing på storskjerm var nyttig, og snart har alle tatt den i bruk.
Alle stasjonar har plasstillitsvalgt, verneombod og kollegastøtteordning. Verneombod har fått kurs som er tilpassa for brann og redning.
Jubilantar
Først ut med årssamling og jubileumsmarkering var Eidsdal, der Steffen Remus har fylt 50 år og Knut Grønningsæter har fylt 60 år. Kommunalsjef Freddy Hanssen delte ut påskjønning med gåvekort frå kommunen.
Så var turen komen til Valldal og der var det fleire jubilantar. Odd Gunnar Hjelle, Per Magnus Berdal og Ove Indreeide har alle fylt 60 år og vart heidra.
I Stordal heidra vi Bjørn Ove Olsen som 60-åring, og Miroslaw Vikiel, Jan Erik Vad og Robert Busengdal som 50- åringar.
Takk
Kommunalsjef Freddy Hanssen takka alle tilsette for det viktige arbeidet dei gjer for å skape trygge lokalsamfunn.