Liabygda blir ein del av Fjord kommune frå 1.1.2027

Kommunal- og distriktsdepartementet ved statsråd Bjørnar Skjæran har i dag avgjort at Liabygda skal grensejusterast til Fjord kommune. Sjå pressemeldinga her.

Avgjerda kjem etter eit innbyggjarinitiativ frå innbyggjarane i Liabygda i brev til Statsforvaltaren i Møre og Romsdal 21.12.2023, og som følgje av prosessen i etterkant.

Fjord kommune ønsker innbyggjarane i Liabygda velkomne. Vi set pris på at departementet no har kome med ei avgjerd i saka, slik at vi kan førebu det demokratiske arbeidet fram mot neste kommunestyre- og fylkestingsval.