Læringsmiljøprosjektet

Fjord kommune skal dei neste to åra delta i Læringsmiljøprosjektet med alle skular, SFO, barnehagar og PPT. Helsestasjon, barnevern og andre i laget rundt barna har også høve til å delta i satsinga. Målsettinga er å fremje eit trygt og godt barnehage- og skulemiljø utan mistrivnad og krenkingar som mobbing, vald, diskriminering og trakassering. 

Forsamling ser mot skjerm - Klikk for stort bilete

Tysdag 28.oktober var alle tilsette, rettleiarane frå Læringsmiljøsenteret, høgskulen i Volda og Statsforvaltar samla for andre gong denne hausten. Tema denne gong var relasjonar, nulltoleranse mot mobbing og den autoritative vaksenrolla. 

I tillegg til felles fagsamling har rettleiarane gjennomført minikurs om mobbing og demokrati for alle elevråda, det har vore "speed-date" med alle leiarane, og arbeidsgruppene i skule og barnehage har fått rettleiing i korleis arbeide med viktige kjernekomponentar for å skape trygge og gode læringsmiljø.

Fjord kommune er i UNICEF si store undersøking om barn og unge sine oppvekstvilkår rangert på 2.plass i Møre og Romsdal og 14.plass i heile landet. Det er vi stolte av, men det krev eit kontinuerleg arbeid både av tilsette, føresette,, fritidstilbod og alle i Fjord kommune for å skape gode oppvekstmiljø.

Her kan du lese meir om Læringsmiljøprosjektet | udir.no og Kommuneanalysen: finn tallene for din kommune | UNICEF