Lærerik samling om Totalforsvaret
Det var godt oppmøte då ordføraren samla sentrale aktørar frå beredskapsfamilien for å informere om Totalforsvarsåret og utfordringsbildet vi står i.

Statsforvaltar Else May Botten starta med ei grundig orientering om trusselbildet, og korleis vi saman kan bidra til eit robust samfunn. Det handlar om å ha tenkt gjennom mulege ting som kan skje, og sette inn tiltak der det er muleg. For oss alle handlar det om eigenberedskap, og det å ha lager og planar for å klare seg sjølv i minst sju dagar.
Denne bodskapen vart forsterka av dei sentrale aktørane som var til stades: Heimevern, politi, brann og Sivilforsvaret.
Kommunen viste korleis dei arbeider med beredskap, og så viste ei rekke lokale aktørar korleis dei er viktige brikkar inn i beredskapsarbeidet.
Ver årvåken
Politiet oppmoda om å ha lav terskel for å varsle om ein gjer observasjonar av unormal aktivitet.
Ved tidkristiske hendingar skal ein ringe 112.
Ein kan varsle PST eller politiet på nett eller ring tlf. 02800 når det ikkje er tidskritisk. Politkontakta Karl Idar Vik kan også kontaktast direkte.
Publisert 12.03.2026 07.36
Sist endra 12.03.2026 07.48