Landskap i endring

Dei gamle fjell i syningom er alltid eins å sjå - men landskapet rundt endrar seg. Bli med på ei fasinerande reise i fortida og i notida i bygdene våre, saman med landskapsgeograf Oskar Puschmann. Vel møtt på biblioteket i Valldal torsdag 29. februar kl 18.00.

Reise i fortid og notid

Landskapsgeograf Oskar Puschmann har dei seinare åra arbeidd mykje med re-fotografering av landskap. Slik kan han formidle endringar i landskapet over år. No er han godt i gang med eit prosjekt i verdsarvområdet med omland, og vil vise bilde frå arbeidet så langt.  

Med dei gamle bileta i handa har han oppsøkt nøyaktig same staden som fotografen stod for 80, kanskje 100 år sidan og fotografert landskapet på nytt. Slik kan vi med eigne auge sjå utviklinga som har skjedd på desse åra.
Velkomen til ei spanande reise i fortid og notid!

Gratis inngang

Har du gode foto?

Vi er også på jakt etter gode foto frå verdsarvområdet med omland som viser korleis det såg ut i eldre tider/ før verdsarven kom: Landskap knytt til bygdene, fjordgardar, seterstølar. Bilde tatt før 2005, gjerne også gamle bilde. Val av stader for re-fotografering i 2024 er avhengig av gode utgangsfoto.

Valldal

Har du aktuelle foto, er vi takksam om du vil dele dei. Ta turen innom biblioteket kl. 15-18, slik at vi kan skanne eller avfotografere dei. 

Geiranger

Landskap i endring vert også vist på Fjordsenteret i Geiranger fredag 1. mars kl 18.00.
Har du bilde du vil dele kan du ta turen innom Fjordsenteret same dag kl 15-18.

Spørsmål?

Ta kontakt med Merete Løvoll Rønneberg tlf. 99 37 65 85.

dekorativ - Klikk for stort bilete