Kurs i helsenorsk

Fjord kommune har i samarbeid med NAV starta kurs i helsenorsk for tilsette innan helse og omsorg. Forrige veke var det informasjonsmøte, og første av elleve samlingar er gjennomført på Stordal skule.

Lærar som underviser - Klikk for stort bilete

Helsenorsk-kurset har fokus på språkutvikling innanfor helse- og omsorgsfeltet. Gjennom kurset vert deltakarane kjent med relevant fagspråk og viktige uttrykk som er nødvendige for å yte best mogleg hjelp og støtte til pasientar.

Kurset er eit viktig verktøy for å styrke kommunikasjonen med pasientar, pårørande og kollegaer, samt auke den faglege tryggleiken i det daglege arbeidet.

Tolv engasjerte tilsette stiller opp på fritida, og er motivert og engasjert for å lære meir språk frå lærar Eva Hove. Fjord som arbeidsgjevar tilrettelegg slik at ein kan delta samstundes som ein får tatt vaktene sine. 

Leiarar og kollegaer i helse- og omsorgssektoren har uttrykt stor entusiasme for oppstarten. Det å samlast på tvers av bygdelag bidreg også til at ein blir meir kjent internt i organisasjonen.