Kunngjering - fastsett skrivemåte for stadnamn i Fjord kommune

Statens kartverk har gjort vedtak om skrivemåten av følgande stadnamn i Fjord kommune:
1. Fetvatnet, Fetegga - vatn, fjell
2. Pettertjønna - tjern
3. Storkaldhusdalsvatna - gruppe av tjern
4. Bjørkekipa - søkk

Bakgrunn

Namnesaka vart teken opp etter eit innspel av Ole Grønberg Myrold i Rett i kartet. Han melde inn fire
stadnamn i Tafjordfjella som ikkje er registrerte i Sentralt stadnamnregister (SSR) frå før, og som derfor ikkje kjem ut på norgeskart.no. Namnesaka vart reist for å fastsette rett skrivemåte for offentleg bruk.

Vedtaket er gjort med heimel i § 7 tredje ledd i lov om stadnamn.

Klagerett

Dette er eit enkeltvedtak som kan klagast på. Klagefrist er seinast 3 veker etter offentleg kunngjering. Eventuell klage kan sendast til Statens Kartverk.

Vedtak i namnesak 2024/264 - Bjørkekipa, Fetvatnet mfl. i Fjord kommune (PDF, 2 MB)

Fjord kommune – namnesak 2024/264 – Bjørkekipa, Fitvatnet/Fetvatnet mfl. – tilråding (PDF, 108 kB)