Kulturprisen til Eidsdal-Norddal Røde Kors
Kulturprisen for Fjord kommune for 2025 på 8000 kr, diplom og blomar vart laurdag kveld overrekt til Eidsdal-Norddal Røde Kors.

Prisen vart gitt først og fremst for arbeidet med å pusse opp og renovere Røde Kors-huset i Eidsdal, men Fjord kommune set også stor pris på samarbeidet om beredskap i kommunen og det gode arbeidet som vert lagt ned i laget både med hjelpekorps og omsorg, og med Postbuda Bruktbutikk.
Då Eidsdal-Norddal Røde Kors tok over Ytterdal forsamlingshus 1. november 1985, var det berre den gamle og den nye festsalen med scene, kjøkkenet og toaletta i kjellaren som var i nokonlunde brukbar stand.
I løpet av desse åra er så godt som heile huset i fire etasjer renovert og utbetra til dagens standard, med oppfylte tryggleikskrav og godkjende rømningsvegar. Rett og slett eit imponerande arbeid og utallige timar frivillig innsats som er lagt ned.
Røde Kors er ein nasjonal beredskapsorganisaajon, og Eidsdal-Norddal Røde Kors er samarbeidspartnar for Fjord kommune i lokal beredskap i kommunen. For å nå målet til organisasjonen er det viktig å ha tilgang til praktiske fasilitetar som gjer det lettare å løyse forventa og pålagde oppgåver, slik som å ha praktiske lokale og godt utstyr.
Fjord kommune vil gratulere med eit funksjonelt hus til føremålet, og vi vil gratulere bygdene på sørsida av Norddalsfjorden med eit tipp topp moderne forsamlingshus som også er eit viktig kulturhus i kommunen.
Publisert 10.03.2026 12.55
Sist endra 10.03.2026 12.56