Frivillige lag og organisasjonar i Fjord kan sende inn søknad om kulturmidlar for 2026. Frist er 1. juni.
Kulturmidlar
Fjord kommune fordelar kulturmidlar til drift av frivillige lag og organisasjonar som driv ulike typar kulturaktivitetar. Det er sett av kr 300 000 i kulturmidlar for 2026.
NB! Endring i retningslinjene
I kommunestyremøte den 21. mars 2024 vart retningslinjene justerte slik at det er lag og organisasjonar innan kultursektoren som legg til rette for aktivitet for barn, unge og personar med nedsett funksjonsevne i Fjord kommune, som kan motta midlar.
Krav og prioritering
- Tilskot frå kulturmidlane vert gitt til lag og organisasjonar innan kultursektoren som legg til rette for aktivitet for barn, unge og personar med nedsett funksjonsevne i Fjord kommune
- Alle lag og organisasjonar som søkjer om tilskot frå kulturmidlane må oppgje organisasjonsnummer og legge ved årsmelding og rekneskap.
Marknadsføring av tilboda
Vi minner om at lag og organisasjonar som blir tildelt kommunale kulturmidlar må marknadsføre tilboda sine som opne og tilgjengeleg for alle gjennom plakatar, annonsar og/eller nettsider.
Lukka grupper (medlemsgrupper) på sosiale media kan ikkje vere ein hovudkanal for informasjon for det gjer at tilbodet ikkje er ope og tilgjengeleg for alle.
Søknadsfrist: 1. juni
Retningslinjer og søknadsskjema
Søk kulturmidlar for 2026
Illustrasjon
Publisert 17.04.2026 13.06
Sist endra 17.04.2026 13.06