Kulturdag for småskulestega
Valldal skule arrangerte kulturdag for småskulestega i Valldal, Eidsdal og Stordal på tysdag.
Det var mange varierte og kjekke aktivitetar, der lokale aktørar var til stor hjelp og inspirasjon! Mellom anna har elevar fått padle i kajakk med Uteguiden, lært toveteknikk av Ingunn Krogstad frå Ullåven, lært om biletkunst av Muzi Myeza, og Valldal bygdekvinnelag har baka med elevane på skulekjøkkenet. Andre grupper har leika i skogen og i fjøra og hatt trearbeid på sløyden.
Det var mange fornøgde og stolte elevar då dagen var over, og fleire kommenterte at dei hadde fått nye venner!
Publisert 28.05.2025 15.33
Sist endra 28.05.2025 15.33