Korpsmusikk i alle grender
17. mai er ein hektisk dag for Eidsdal musikkorps. Dagen startar med ein busstur med mange stopp for å spele rundtom i grendene. I år vart det dokumentert av NRK i direktesending på nasjonaldagen.
Lang 17. mai
Det er store avstandar og difor brukar korpset buss for å kome seg rundt i grendene i Norddal, Eidsdal og Geiranger. Dei startar klokka 06.45 og avsluttar med hotellfrukost i Geiranger og pause før neste oppdrag.
Innbyggarane synest at dette er ein kjekk tradisjon og set stor pris på korpset sitt. Det er hyggeleg å starte nasjonaldagen med musikk på tunet.
Direktesending
I år var NRK med på bussen og sendte korpsmusikk direkte frå låvebrua på Eide i programmet Gratulerer med dagen! på 17. mai.
Sjå NRK sin reportasje om Eidsdal musikkorps sin 17. mai-tradisjon.
kls
Publisert 18.05.2026 13.09
Sist endra 18.05.2026 13.20