Kor mykje besøk vil vi ha?

Torsdag 14. august opnar ei digital undersøking om reiseliv og tolegrense i Fjord og Stranda. Vi oppmodar innbyggjarar og andre med tilknyting til kommunane om å svare på denne, for vi vil gjerne vite di meining!

Delta i den digitale undersøkinga for tolegrenseanalyse

Fjord og Stranda kommunar gjennomfører no ei omfattande tolegrenseanalyse som grunnlag for å utvikle ein besøksstrategi. Dette gjer vi for å bidra til ei berekraftig utvikling av reiselivet i kommunen og regionen vår.

Frå i dag og fire veker framover vil det ligge ute ei digital undersøking som innbyggjarar og andre med tilknyting til kommunane Fjord og Stranda blir oppmoda om å svare på. Her ønsker vi mellom anna konkrete tilbakemeldignar og synspunkt på kvar tolegrensa for besøk er nådd. Vi ønsker så mange innspel som råd.

Delta i spørjeundersøkinga om tolegrense for besøk i kommunane våre.

Meir om prosjektet og vidare prosess

Prosjektet skal kartleggje kor stor belastning lokalsamfunn, natur og infrastruktur toler, og samtidig analysere kva marknadssegment som er mest relevante og føremålstenlege for framtidig turisme. Dette arbeidet vil danne grunnlaget for prioritering av målgrupper og utvikling av tiltak som tek vare på både natur, lokalbefolkning og næringsliv.

Bakgrunn

Arbeidet er kome i stand og koordinert av destinasjonsselskapet vårt, Destinasjon Ålesund og Sunnmøre, og finansiert med støtte frå Møre og Romsdal fylkeskommune. Sjølve prosjektet vert gjennomført av 2469 Reiselivsutvikling, som har lang erfaring med slikt arbeid. Prosjektansvarlege er Børre Berglund og Trond Amland. 

Når resultata frå tolegrenseanalysa er klar, vil det bli kalla inn til nye folkemøter der resultata og forslag til besøksstrategi vert presentert.

Terese Jemtegård Moen
Ordførar
E-post
Telefon 92 80 56 59