Kong Harald V er død

Kondolanse frå Fjord kommune i samband med Hans Majestet Kong Harald sin bortgang.

Takk for alt, Dykkar Majestet!

Det er med stor sorg vi har motteke bodskapen om at Hans Majestet Kong Harald er død.

Takk Kong Harald, for alt du som menneske og gjennom di kongegjerning har betydd for oss og landet vårt. 

Gjennom eit langt liv har kongen vår stått støtt og vist oss veg. Kongen har vore eit førebilete på korleis vi bør stille opp for kvarandre og møte kvarandre med respekt og kjærleik.

Tankane våre går til Dronning Sonja og resten av kongefamilien. Vi sørger med dykk.

Kvil i fred vår kjære konge.

Ordførar Terese Jemtegård Moen

Kong Harald V - Klikk for stort bilete Kimm Saatvedt / Det kongelige hoff

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 


Kondolanseprotokoll

Det er lagt ut kondolanseprotokoll på rådhuset i Valldal og kommunehuset i Stordal frå fredag 28. august klokka 11.00. Der kan alle som ønskjer det skrive ei siste helsing. Protokollen vil vere tilgjengeleg i opningstida fram til og med gravferdsdagen.

Kondolanseprotokoll vil også bli gjort tilgjengeleg i Eidsdal, tidspunkt og lokalitet blir publisert tidleg i neste veke.

Flagging

Regjeringa har bestemt at det skal flaggast på halv stang frå alle statlege verksemder frå i dag og fram til etter gravferda. Når gravferda er over vert flagga heist på heil stang. Fjord kommune flaggar ved alle kommunale bygg fram til gravferdsdagen. 

Opne kyrkjer

Dei tre kyrkjene i Fjord vert opne fredag 28. august klokka 12-21. Kyrkjene er opne for alle og det vert lagt ut kondolanseprotokoll.