Kom på kino!

Fredag 12. januar viser Bygekinoen to filmar i kultursalen i Martin Linge-huset. Det er barnefilmen Bukkene Bruse på badeland og spenningsfilmen KONVOI. Bli med på kino!

På kino fredag 12. januar

Vi gler oss til fredag, for då kjem Bygdekinoen med to filmar som begge hadde premiere 25. desember. 
Nummererte plassar i amfi. Kjøp billettar på førehand eller i døra. 

Kl. 18.00: Bukkene Bruse på badeland - animasjon/komedie/barnefilm. Tillatt for alle.

Kl. 20.00: KONVOI - spenning/krigsfilm. Aldersgrense 12 år.

Sjå forfilm, les meir om filmane og kjøp billettar på nett hos bygdekinoen.no

Samarbeid med Bygdekinoen

Fjord kommune ved kulturavdelinga har eit samarbeid med Bygdekinoen også for 2024. Det var godt oppmøte på dei tre kinokveldane som vart arrangert i 2023, noko som gjer at samarbeidet kan halde fram dette året.  Det er planlagt fem kinokveldar på Martin Linge-huset i 2024.  Andre lokale er vurdert, men så langt bli det ikkje framsyningar i andre bygder. Vi minner om at godt opppmøte er ein føresetnad for at det blir eit kinotilbod i Fjord. 

Det er planlagt kino 8. mars og 10. mai. Følg med på nettsida til bygdekinoen for informasjon om kva filmar som kjem.