Kolonnekøyring og nattestenging i Stordalstunnelen
Frå 9. november blir det kolonnekøyring med ledebil både på dagtid og nattestid i Stordalstunnelen. Arbeidet med nytt lysanlegg er i gang, og trafikantar må rekne med ventetid dei komande månadane.
Nytt lysanlegg i Stordalstunnellen
Møre og Romsdal fylkeskommune starta nyleg arbeidet med å etablere nytt belysningsanlegg i Stordalstunnelen. Arbeidet skal etter planen vere ferdig ved utgangen av april 2027.
Trafikkregulering 7 dagar i veka
I anleggsperioden blir det trafikkregulering med ledebil og periodar med stenging. Det blir arbeid 7 dagar i veka, det vil seie også laurdag og søndag.
Slik blir trafikkavviklinga
Frå måndag 9. november gjeld følgande ordning:
Kl. 06:00-07:00: Fri ferdsel
Kl. 07:00–09.00: Kontinuerleg kolonnekøyring med ledebil
Kl. 09.00–14.00: Stengt i periodar på inntil éin time. Gjennomkøyring kvar heile time. Det blir også sett opp tilleggskolonne for buss i rute.
Kl. 14.00–19.30: Kontinuerleg kolonnekøyring med ledebil
Kl. 19:30-21:00: Fri ferdsel
Kl. 21.00–23.00: Stengt i periodar på inntil éin time. Gjennomkøyring kvar heile time.
Kl. 23.00–06.00: Tunnelen er stengd. Gjennomkøyring klokka 23.30, 23.45, 02.00, 04.00 og 05.40.
Kolonnene vil i hovudsak starte frå Dyrkorn-sida. Av omsyn til rutebuss og øvrig trafikk kan det bli gjort mindre justeringar undervegs.
Pressemelding frå Møre og Romsdal fylkeskommune
Publisert 10.11.2026 11.26
Sist endra 10.11.2026 13.42