Kokevarsel i Eidsdal

Ytterdal Vassverk informerer om at det ved rutinemessig prøvetaking er påvist avvik i ei vassprøve.

Som eit føre-var-tiltak tilrår vassverket at alt vatn som skal nyttast til mat og drikke blir kokt inntil vidare.

– Det er ikkje påvist E. coli i prøven, og det er per no ikkje indikasjonar på at dette gjeld heile forsyningsområdet. Vi har likevel valt å innføre kokevarsel medan vi gjennomfører ny kontrollprøve, undersøkingar og drift og reinseanlegg blir kontrollert, seier leiar i vassverket, Karl Petter Stenvåg. Dei kjem med ny informasjon så snart resultat ligg føre.