Klarer du deg ei veke utan straum og internett?

Eigenberedskapsveka 2026: Er du førebudd dersom straumen og nettet forsvinn i fleire dagar?

Kva skjer hvis mobilnettet eller internett sluttar å verke?

Tema for Eigenberedskapsveka 2026 er korleis samfunnet kan bli betre førebudd på situasjonar der mobilnett og internett ikkje fungerer som normalt.

Dei fleste av oss er avhengige av digitale teenester i kvardagen. Vi brukar mobiltelefonen til kommunikasjon, betaling, informasjon og navigasjon. Dersom elektronisk kommunikasjon blir borte over lengre tid, kan det få konsekvensar både for enkeltpersoner og for heile samfunnet.

Difor oppfordrar Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap (DSB) og Nasjonal kommunikasjonsmyndighet (Nkom) alle innbyggarar til å tenke gjennom korleis dei kan halde seg informert og handtere kvardagen dersom digitale tenester blir utilgjengelege.

Møt ordføraren på infopunkta i eigenberedskapsveka

Møt opp på informasjonspunkta i kommunen, og få ein god prat om eigenberedskap og kommunikasjonsutfall.

Infopunkt Norddal: Nærbutikken tysdag 27. oktober kl 12-13

Infopunkt Eidsdal: Omsorgsbustadane tysdag 27. oktober kl 16-17

Infopunkt Tafjord: Nærbutikken onsdag 28. oktober kl 12-13

Infopunkt Valldal: Sjukeheimen onsdag 28. oktober kl 16-17

Infopunkt Stordal: Dagsenteret på Stordalstunet torsdag 29. oktober kl 12-13 (også informasjon om infopunkt Overøye).