Kjenner du nokon som fortenar kulturpris eller kulturstipend?
Vi minner om at Fjord kommune kan dele ut kulturpris og kulturstipend. Enkeltpersonar, organisasjonar og formannskapet kan kome med forslag til kandidatar. Då vi ikkje har motteke innspel for det som gjeld kulturstipend, set vi ny frist 15. november. Dette gjeld då både for kulturstipend og kulturpris.
Kulturpris og kulturstipend
Fjord kommune kan dele ut kulturpris og kulturstipend.
Enkeltpersonar, organisasjonar og formannskapet kan kome med forslag til kandidatar.
Utøvar kan sjølv søke kulturstipend.
Retningslinjer
Retnintslinjene for tildeling finn du på lenkene nedanfor. Dei er vedtatt i Fjord kommunestyre 02.04.2020.
Send inn forslag
Forslaget må innehalde:
- utfylllande informasjon om kandidaten/kandidatane
- utfylllande grunngjeving for valet
Frist
Frist for å kome med søknad er 15. november.
Send inn forslag til Fjord kommune, postboks 144, 6211 Valldal eller e-post post@fjord.kommune.no
Føremål
Føremålet med kulturprisen er å stimulere lag, grupper eller personar i arbeidet for utbreiing, utøving og/eller organisering av ulike kulturaktivitetar i Fjord kommune over lang tid. Ein kulturpris vil også vere eit høve til å heidre nokon som har gjort seg ekstra fortent til det.
Føremålet med kulturstipendet er å premiere oppnådde resultat og stimulere kulturutøvarar til vidare utvikling, utdanning og/eller satsing.
Les meir om kulturpris og kulturstipend i retningslinjene.

Publisert 05.11.2026 09.05
Sist endra 05.11.2026 10.47