Karneval på skulen

Fredag var det karneval på Valldal skule. Det var dei flotte og engasjerte MOTivatorane som inviterte elevane i 1.-7. klasse til aktivitetar og MOT-muffins.

Gøy med karneval

fire barn i kostymer, innandørs - Klikk for stort bileteKarneval

Fredag 13. mars arrangerte MOTivatorane karneval for elevane på barneskulen. 1. - 3. klasse var i aktivitet om føremiddagen og 4. - 7. klasse etter lunsj.

MOTivatorane jobbar for å styrke elevane og skape samhald, inkludering og at alle skal føle seg sett.

Denne dagen aktiviserte dei elevane med ulike leikar og avslutta økta med MOT-muffins som dei sjølve har baka og pynta. Flotte og engasjerte MOTivatorar.

MOTivatorane 

Det er Helle, Natalia, Tora og Ingrid frå 9. og 10. klasse som er MOTivatorane på Valldal skule, eller "MOT-prinsessene" som dei også vart kalla.