Invitasjon til kurs – Eit meir demensvenleg samfunn

Fjord kommune og Nasjonalalforeningen for folkehelse inviterer til kurs for å skape eit meir demensvenleg samfunn.

9. juni        Rådhuset i Valldal
10. juni    Stordal frivilligsentral
11. juni    Eidsdal omsorgsbustad
Alle dagar kl. 17.00 – 18.30

Din innsats er viktig, og betyr mykje for mange

Over 100.000 menneske i Norge har demens, og minst 60.000 av desse bor i eigen heim. Mange med demens opplever isolasjon og einsemd.

Dersom samfunnet hadde vore betre tilrettelagt ville personar med demens hatt moglegheit til å vere meir aktive og sjølvhjelpne. I åra som kjem vil fleire få demens, og det vil bli behov for å legge betre til rette slik at personar med demens framleis kan delta i lokalmiljøet.

Korleis kan du bidra?

Bli med på ein times kurs. Du lærer om demens og korleis du kan møte personar som har demenssjukdom. Din kunnskap vil vere av stor betydning for den som har demens og deira pårørande. 

Om alle kan litt om demens vil kvardagen bli enklare for alle som er berørt. 
Ved å delta på dette kurset kan du bidra til eit meir inkluderande samfunn.

Så enkelt er det

  • Arbeidsplassen får eit gratis kurs for alle tilsette
  • Kurset varer i 1 – 1,5 time
  •  Arbeidsplassen får eit symbol i forma av eit klistremerke som viser at dei tilsette har delteke på kurs. Det kan vere eit konkurransefortrinn.
  • Deltakarane får kursbevis og ein enkel foldar med godt tips etter kurset.

Påmelding innan  5. juni til post@fjord.kommune.no eller tlf. 418 67 800.