Fjord kommune inviterer innbyggjarar, næringsliv og andre interesserte til folkemøte om arbeidet med tolegrenseanalyse.
Invitasjon til folkemøte om tolegrenseanalyse for Fjord og Stranda
I samarbeid med Destinasjon Ålesund og Sunnmøre og 2469 Reiselivsutvikling inviterer Fjord kommune innbyggjarar, næringsliv og andre interesserte til folkemøte om arbeidet med tolegrenseanalyse. Ei tolegrenseanalyse vil kunne vere grunnlag for utvikling av ein besøksstrategi i Fjord og Stranda.
Tema for møtet
• Presentasjon ved 2469 Reiseliv om arbeidet med tolegrenseanalyse, strategi og prosessen.
• Innspel, spørsmål og dialog med innbyggjarane og næringa.
Tid og stad
Tid: onsdag 14. mai klokka 18:00-20:00
Stad: rådhuset i Valldal
Målgruppe
Innbyggjarar, næringsliv og andre interesserte
Møt opp - velkomen!
Dette er ei viktig anledning til å kome med dine synspunkt og bidra til utforminga av ein strategi som skal sikre både lokal livskvalitet og gode opplevingar for dei besøkande.
Vi håper å sjå deg der - vel møtt!

Publisert 09.05.2025 14.12
Sist endra 09.05.2025 15.41