Inspirasjonskveld for frivillige

Frivillig sektor er ei av dei sterkaste kreftene i lokalsamfunnet vårt. Det er dei frivillige som skapar møteplassar, aktivitet, fellesskap og beredskap. Difor inviterer vi alle dykk som er eller vil bli frivillige i Fjord til inspirasjonskveld på Martin Linge-huset tysdag 3. mars. Vi startar med forfattarmøte med Are Kalvø.

Til alle frivillige aktørar i Fjord 

Vi inviterer dykk til ein inspirasjonskveld der vi både får trimma lattermusklane – og deretter arbeide saman om noko viktig. Kvelden startar med forfattarmøte med Are Kalvø: Berre bønder lengtar heim. Forfattarmøtet er i regi av Litteraturhus Møre og Romsdal, i samarbeid med Fjord bibliotek. Arrangementet er gratis og ope for alle. 

Etterpå vert det kaffimat og arbeidsverkstad for å få innspel til den komande frivilligstrategienfor Fjord.

Når og kvar

Tid: Tysdag 3. mars klokka 18-21. Vi startar med forfattarmøtet.
Ferje frå Eidsdal klokka 17.30, ferje frå Linge klokka 21.30.
Stad: Martin Linge-huset i Valldal, Skulebrauta 46

NB! Inspirasjonskvelden er open for alle frivillige aktørar. Kom gjerne fleire frå same lag. Det er ikkje påmelding.

Kvifor er dette viktig?

Frivillig sektor er ei av dei sterkaste kreftene i lokalsamfunnet vårt. Det er de som skapar møteplassar, aktivitet, fellesskap og beredskap – og det gjer de gjennom mange timar med engasjement og innsats. 
For at strategien skal bli nyttig i praksis – ikkje berre fine ord i eit dokument – treng vi dykkar stemmer, erfaringar og idear. 

Kvifor bør de prioritere å kome?

•    De kan påverke korleis kommunen skal samarbeide med og støtte frivilligheita i framtida
•    De gjer oss betre rusta til å skape eit inkluderande, aktivt og livskraftig lokalsamfunn.
•    De får høyre ein av landets mest folkekjære humoristar.

Velkomne!

Are Kalvø

Arrangør er Fjord kommune/Fjord frivilligsentralar