Innspel til handlingsprogram og søknad om spelemidlar 2027

Kulturdepartementet fordeler kvart år tilskot frå spelemidlane til anlegg for idrett, fysisk aktivitet og friluftsliv. Målet er mest mogleg aktivitet for pengane.

Innspel til handlingsprogrammet

idretthall, personar i aktivitet, ballspel,  - Klikk for stort bileteTrening Hallgeir Hove

For å søke om tilskot frå spelemiddelordninga må anlegget vere oppført i kommunen sitt handlingsprogram for idrett, fysisk aktivitet og friluftsliv.
Alle er invitert til å kome med innspel til handlingsprogrammet.

Innspela kan vere konkrete og gjeld anlegg planlagt i nær framtid, eller det kan vere eit langsiktig ønske. Skriv gjerne litt om bakgrunnen for ønsket. Planen kan rullerast og nye anlegg kan bli tatt inn kvart år dersom det oppstår behov for det.

Innspela må vere skriftlege og skal sendast til post@fjord.kommune.no

Frist for nye innspel 

Frist for å kome med nye innspel til handlingsprogrammet for 2021 – 2026 er 1. oktober 2026.

Handlingsprogram 2026-2030

Anlegga som allereie ligg inne i handlingsprogrammet, vert automatisk vidareført.

Søknadsfrist for spelemidlar  

Frå og med søknadsåret 2020 er idrettsfunksjonell førehandsgodkjenning tatt vekk frå ordninga. Søkjar må sjølv syte for at søknaden tilfredsstiller dei krav som ligg i gjeldande regelverk for spelemidlane. Ta kontakt med kommunen i god tid på førehand for rettleiing og hjelp til søknaden.

Søknadsfrist for å søke om spelemidlar for 2027 er 15. oktober 2026.
Dette gjeld både ny, fornya og gjentatt søknad.

Korleis søke

Søk om tilskot frå spelemidlane i anleggsregisteret

I anleggsregisteret finn du også meir informasjon om vilkår og krav til søknaden.

Saksgang

Etter 15. oktober vert dei innkomne søknadane gjennomgått av kommunen og søkjar får høve til å ettersende eventuelt manglande vedlegg eller informasjon. Alle søknadane vert sendt vidare frå Fjord kommune til Møre og Romsdal fylkeskommune innan 15. januar 2027. 

Fjord kommune vedtek prioritert handlingsprogram etter innspel frå Fjord idrettsråd.
Vedtak for 2027 vert gjort i siste kommunestyremøte i 2026.

Desse anlegga i Fjord fekk tildeling i 2026

Desse anlegga fekk tildeling frå spelemiddelordninga 2026
Ordinære anleggtildelt
Stordal IL/Stordal Fjellservice - Garasje for løypemaskinkr 850.000
Valldal IL – Rehabilitering av lysanlegg (lysløype)kr 231.000
Fjord kommune - Nybygg av sosiale rom (Martin Linge-huset)kr 500.000
Nærmiljøanlegg
Fjord kommune - Gapahuk i tilknyting til aktivitetspark i Norddal sentrumkr 207.000

Forskottering av spelemidlar

Fjord kommune ønskjer å bidra til realisering av idrettsanlegg i kommunen. Når ein søknad er formelt godkjent av fylkeskommunen kan søkar søke Fjord kommune om forskottering medan dei ventar på tildeling frå spelemiddelordninga.

Retningslinjer for forskottering av spelemidlar

Ta gjerne kontakt for spørsmål!

Hallgeir Hove
Kulturkonsulent/dagleg leiar Stordalshallen
Telefon 90 94 93 58
Kristi Linge Stakkestad
Folkehelsekoordinator/Valldal frivilligsentral
Telefon 41 86 78 06