Informasjonsmøte om Eidsvatnet rasteplass

Nasjonale turistvegar inviterer grunneigarar, naboar og andre råka til informasjonsmøte om planane for opprusting og fornying av Eidsvatnet rasteplass.

Eit vatn omkransa av gardar, dyrka mark og høge fjell. Bjørkelauv , sol og blå himmel. - Klikk for stort bileteVår ved Eidsvatnet Kristi Linge Stakkestad

Tid: 18.09.26 kl. 1700
Stad: Røde Kors-huset i Eidsdal

På møtet vil dei presentere bakgrunnen for prosjektet, vise dei planlagde tiltaka og orientere om den vidare prosessen. Dei ønskjer òg å høyre innspel og svare på spørsmål frå dei råka partane.

Dei nye planane for fornying og oppgradering av rasteplassen blir utarbeidde for å sikre god funksjonalitet, kvalitet og tilgjenge for dei besøkande. Prosjektet omfattar òg eit nytt servicebygg med toalett. Nærare informasjon om tiltaka vil bli presentert på møtet. 

Møtet er ope for alle som har interesser knytte til området, og dei oppmodar særleg grunneigarar og naboar til å delta. Dei håper du har høve til å kome, og ser fram til ein god dialog om utviklinga av Eidsvatnet rasteplass.