Høyring - forskrift om skulekrins og tildeling av skuleplass

Formannskapet vedtok i møte 15.10.26 å legge forskrift om skulekrins og tildeling av skuleplass ut på høyring. Høyringsfrist er 27.10.26.

Kommunal- og distriktsdepartementet har vedteke grensejustering mellom Fjord kommune og  Stranda kommune med verknad frå 1. januar 2027. Som følgje av dette vert Liabygda overført frå Stranda kommune til Fjord kommune. I samband med grensejusteringa er det behov for å fastsetje kva skulekrins Liabygda skal høyre til når området vert ein del av Fjord kommune.  

Administrasjonen vurderer at det er naturleg å vidareføre dagens skuletilknyting for elevar frå Liabygda. Dette med bakgrunn i at elevane frå Liabygda har gjennom fleire år gått ved Valldal skule etter avtale mellom Stranda kommune og Fjord kommune. Ordninga er innarbeidd og kjend for elevar og føresette, elevane frå Liabygda har etablert sosiale og faglege relasjonar ved Valldal skule noko som medfører kontinuitet og føreseielegheit ved overgangen til ny kommune. Ei vidareføring av dagens ordning reduserer risikoen for uønskte konsekvensar for elevane, og administrasjonen vurderer at omsynet til barnet sitt beste talar for å vidareføre den etablerte løysinga.

Sjå utkast til forskrift (PDF, 237 kB)

Merknader sendast til Fjord kommune, post@fjord.kommune.no innan 27.10.26.