Gratis skyss til passkontoret for pensjonistar i Fjord kommune
Fjord kommune tilbyr gratis skyss til innbyggjarar som har behov for å fornye pass eller skaffe ID-kort, men som ikkje har høve til å kome seg til passkontoret på eiga hand.
Treng du å fornye passet ditt eller skaffe nasjonalt ID-kort?
Eit gyldig pass eller ID-kort er viktig for å kunne legitimere seg, bruke banktenester og få tilgang til digitale tenester.
Kommunen har reservert 10 timar ved passkontoret i Ålesund 10.november, og det blir sett opp felles transport. Talet på plassar er avgrensa.
Tilbodet er utarbeida som ein del av pilotprosjektet Digital inkludering for eldre.
Ta kontakt med Karoline Høydal Lingaas for meir informasjon eller for å melde interesse.
Publisert 04.11.2026 08.34
Sist endra 04.11.2026 08.56