Givarglede til påske

Det nærmar seg påske og givarglede-aksjonen. Vi opplever at gleda ved å gi er stor mellom innbyggjarane i Fjord, og som tidlegare år deler vi ut matkasser til dei som treng det i kommunen vår. Ta kontakt om du ønskjer å motta ei matkasse eller om du ønskjer å bidra.

Givarglede hjelper alle som treng det

Det nærmar seg påske og mange av oss har det vi treng og enda litt til. Likevel trur vi at det i Fjord kommune, som andre stadar, kan vere nokon som ikkje har det like bra. Av ulike årsaker kan det vere vanskeleg å få endane til å møtast, og kanskje kan ei matkasse til påske vere til litt hjelp?

Til deg som ønskjer å motta ei matkasse

Vi veit at det kan vere vanskeleg å ta kontakt sjølv, så ta gjerne kontakt gjennom nokon andre du kjenner deg trygg på. Eller kanskje du kjenner nokon som har ekstra utfordringar? 
Det er kjekt å kunne hjelpe akkurat deg litt ekstra i år. Ein annan gong kan det vere du som hjelper nokon andre. 

Ta kontakt på e-post frivillig@fjord.kommune.no

Frist: 2. april

Vi treng informasjon om eventuelle allergiar og kor mange det er i husstanden. Om det er barn i husstanden er det fint om vi kan få antal og alder på barna.

Vil du bidra?

Vipps til #741324 eller bruk kontonummer 3905.15.69184

Lag og organisasjonar, privatpersonar og bedrifter som vil bidra med midlar eller varer kan ta kontakt på e-post.
Midlar som blir til overs, vil bli nytta til jul og i beredskap til innbyggjarar ved spesielle hendingar.

Om Givarglede

Givarglede var starta til jul i 2021 etter eit privat initiativ og i samarbeid med frivillige, Eidsdal-Norddal Røde Kors og Fjord kommune. Tiltaket er vidareført med matkasse også til påske.
Vi har oppretta ei arbeidsgruppe for Givarglede, som består av representantar for Eidsdal-Norddal Røde Kors, frivilligsentral og frivillige. Vi har samarbeid med helse, omsorg og velferd i Fjord kommune og med næringslivet.

Teieplikt

Vi er opptatt av personvern, og dette blir teke i vare. Dei som sit i arbeidsgruppa for Givarglede har teieplikt.

Informasjonen om Givarglede påske 2025 finn du også her. (PDF, 182 kB) (PDF, 147 kB)

Matvarer - Klikk for stort bileteProsjekt Givarglede i Fjord Fjord kommune

 

Påskehelsing frå sambygdingar
som ønskjer å gjere ein forskjell

Bjørg Jacobsen
Stordal frivilligsentral/kulturkoordinator
E-post
Telefon 90 52 91 64