Givarglede til jul 2025

Fjord frivilligsentralar organiserer  prosjektet Givarglede. Av ulike årsaker kan det  vere vanskeleg å få endane til å møtast og kanskje kan ei matkasse til jul vere til litt hjelp for nokon. Kanskje vil du støtte prosjektet? Ta kontakt innan 8. desember.

Det nærmar seg jul og mange av oss har det vi treng og enda litt til. Likevel trur vi at det i Fjord som andre stadar kan vere nokon som ikkje har det like bra. Av ulike årsaker kan det  vere vanskeleg å få endane til å møtast og kanskje kan ei matkasse til jul vere til litt hjelp. Prosjekt Givarglede hjelper alle - gammal som ung - ingen ønsker er for små eller for store.

Til deg som ønskjer å motta ei matkasse

Vi veit at det kan vere vanskeleg å ta kontakt sjølv, så ta gjerne kontakt gjennom nokon andre du kjenner deg trygg på. Eller kanskje du kjenner nokon som har ekstra utfordringar? Det er kjekt å kunne hjelpe akkurat deg litt ekstra i år. Ein annan gong kan det vere du som hjelper nokon andre. 

Ta kontakt på e-post snarast og innan 8. desember: frivillig@fjord.kommune.no

Vi treng informasjon om eventuelle allergiar og kor mange personar det er i husstanden. Om det er barn i husstanden treng vi antal og alder på dei.

Vil du støtte Givarglede?

Vipps til #741324 eller bruk kontonummer 3905.15.69184  (Eidsdal-Norddal Røde Kors)

Om privatpersonar, lag og organisasjonar eller bedrifter ønsker å bidra med midlar eller anna - ta gjerne kontakt på e-post: frivillig@fjord.kommune.no
Midlar som eventuelt blir til overs vil bli nytta til matkasser til påske/neste jul, og elles i beredskap til innbyggjarar ved spesielle hendingar.

Om Givarglede

Givarglede var starta til jul i 2021 etter eit privat initiativ, og er eit samarbeid mellom frivillige aktørar og Fjord kommune. Givarglede består av representantar frå Eidsdal-Norddal Røde Kors, Fjord frivilligsentralar og andre frivillige medhjelparar. Vi har også samarbeid med helse, omsorg og velferd i Fjord kommune og med næringslivet.

Teieplikt

Vi er opptatt av personvern, og dette blir tatt i vare. 

 

mat givarglede - Klikk for stort bileteGivarglede til jul

 

Julehelsing frå sambygdingar
som ønskjer å gjere ein forskjell

 

Bjørg Jacobsen
Stordal frivilligsentral/kulturkoordinator
E-post
Telefon 90 52 91 64