Verdsdagen for psykisk helse vert markert 10 oktober. I år er tema #gi8minutt - og du vert oppfordra til å setje av åtte minutt til å ringe nokon du bryr deg om. Det er enklare enn du trur og betyr meir enn du anar.
Vi treng å snakke meir i lag
I dag sender vi ofte meldingar til kvarandre og det er mange fleire enn før som seier at dei sjeldan eller aldri brukar telefonen til å ringe. Det er mykje viktig kommunikasjon vi går glipp av når vi verken ser eller høyrer kvarandre. Forskning viser at vi overvurderer kor gode vi er til å tolke kvarandre på tekstmeldingar.
Ring nokon!
Vi undervurderer kor mykje det kan bety at vi tek kontakt, berre for ein prat. I dag vert du oppfordra til å ta opp telefonen og ringe nokon - kvar dag! Å høyre stemma til ein vi er glad i, gjer mykje meir for oss enn det vi trur.
Regelmessig kontakt gjer at det blir lettare å snakke om vanskelege tanker og følelsar, og det gjer det også lettare å fange opp når du sjølv eller nokon andre treng hjelp og støtte.
Markeringar i Fjord
Biblioteket i Valldal inviterer til kaffi og ein prat torsdag 10. oktober klokka 14-17.
Mental Helse Fjord inviterer til ei markering i Stordalshallen tysdag 15. oktober klokka 19. Der blir det foredrag, kulturelt påfyll og informasjon ved psykisk helsetenesste i Fjord. Møtet er ope for alle.
Lenke
Sjå film og les meir om temaet på nettsida til verdensdagen.
Publisert 10.10.2024 09.11
Sist endra 10.10.2024 11.03