Frivilligforum 2025

Velkomen til frivilligforum - ein møtestad for frivillig arbeid i Fjord. Vi møtest på Stordal frivilligsentral måndag 10. mars klokka 18-20.

Målgruppe

Frivillige lag, frivillige medhjelparar og andre interesserte er velkomne til årets frivilligforum. Det er ope for alle, ikkje påmelding.

Program

Vi inviterer til kake, kaffi og prat frå kl 17.30 for dei som vil kome litt før. Programmet startar klokka 18.00.

  • Velkomen v/ ordførar Terese Jemtegård Moen 
  • Inspirasjon frå Ørskog Angels - suksess og engasjement på tvers av bygdelag 
  • Eidsdal Musikkorps - med støtte frå bygda og god inntekt frå julemesse 
  • Bli kjent med Ruggå 4H 
  • Frivilligsentralane og ressursgruppa 
  • Friluftslivets år 2025
  • Kulturstrategi - informasjon og innspel 
  • Idémyldring/spørjetime 

Aktivitetskalenderen 

Alle møte, arrangement eller aktivitetar i Fjord kommune som er opne for alle kan meldast inn til kalenderen. Arrangør kan vere både frivillige lag, næringslivet, privatpersonar eller kommunen.

Kalenderen vert admininstrert av Fjord frivilligsentralar. Den viser både på kommunen si nettside og på nettportalen opplevfjord.no

Du kan sjå kalenderen og melde inn ny aktivitet via denne lenka til opplevfjord.no

Ta gjerne med informasjon om arrangement, så legg vi inn på aktivitetskalenderen på møtet.

Vel møtt! 

Ferje frå Eidsdal kl. 17:00/17:30 og retur frå Linge kl. 20:30

Frivilligforum

Frivilligforum er ein årleg samhandlingsarena for frivilligheita i Fjord kommune. 
Alle lag og organisasjonar, frivillige, næringsliv, politikarar og andre interesserte er velkomne!

Det er frivilligforum i mars kvart år, og møtestad varierer mellom bygdene. 

dekorativ - Klikk for stort biletePlakat frivilligforum 2025
Bjørg Jacobsen
Stordal frivilligsentral/kulturkoordinator
E-post
Telefon 90 52 91 64
Kristi Linge Stakkestad
Folkehelsekoordinator/Valldal frivilligsentral
E-post
Telefon 41 86 78 06