Når og kvar
Tid: søndag 20. september 2026, kl.12:00-15:00
Stad: Martin Linge-huset i Valldal
Arrangementet er gratis og ope for alle.
Ein smakebit på frivilligheita - ope for alle
Målet er at frivillige organisasjonar, lag og foreningar kan fylle Martin Linge-huset med engasjerte frivillige, stands og kjekke aktivitetar for heile familien.
Her kan du som innbyggjar få ein smakebit på alt frivilligheita i Fjord har å by på av fritidstilbod og møteplassar.
Inspirasjonsforedrag
Klokka 15:00 blir det inspirasjonsforedrag med komikar Rigmor Galtung.
Rigmor Galtung er en norsk komiker, foredragsholder og forfatter som har brukt sitt eget liv som et lerret for refleksjon, læring og inspirasjon. Hun ble kjent som Norges første kvinnelige stand-up-komiker, og har i løpet av sin karriere skapt forestillinger og foredrag som kombinerer underholdning med dyp menneskelig innsikt.
Kvifor lagar vi Fjord frivilligfestival?
Frivillig sektor er ein av dei viktigaste bidragsytarane til møteplassar og aktivitetar som bidrar til eit trygt og levande lokalsamfunn. Derfor er det viktig å heie fram og synleggjere frivilligheita. Ordførar Terese blir med, og ho oppfordrar alle lag til å vise seg fram!
Målet med dagen er å
• lage ein arena for rekruttering til frivilligheita
• la frivillige lag og foreningar få vise fram sin kjerneaktivitet og invitere publikum med i det som blir presentert
• synleggjere mangfaldet i aktivitetstilbodet og møteplassane som frivilligheita i kommunen bidrar med
• møtast på tvers av generasjonar
• skape ein arena for integrering
• styrke samarbeidet mellom frivilligheita og Fjord kommune
Vi har bruk for deg, vil du vere med?
Har du ein god ide? Vi vil gjerne ha med fleire i planlegginga av frivilligfestivalen.
Ta kontakt med Fjord frivilligsentralar på e-post om du har lyst å bidra!
Påmelding
Vi ønskjer at flest mogleg av dei frivillige aktørane i Fjord og Liabygda blir med og set farge på festivalen! Dette er ei fin anledning til å reklamere for din organisasjon, rekruttere nye frivillige og vise fram aktivitetar.
Lag og organisasjonar får kvar sin stand og der kan de ha informasjonsbod og/eller aktivitetar og underhaldning. Her kan de vere kreative og lage liv og røre med ulike aktivitetar for alle aldre! Det kan vere leikar, idrettsaktivitetar, musikk, kviss,natursti og anna. Lotteri, kafé eller servering kan også vere eit alternativ.
Alle får tildelt ein standplass inne i hallen med bord/stolar etter behov.
Påmelding via elektronisk skjema: