Frivillige organisasjonar kan søke momskompensasjon
Lotteri- og stiftelsestilsynet skal fordele 2,65 milliardar kroner i momskompensasjon til frivillige organisasjonar i 2025. Søknadsfrist er 1. september.
Formål
Søk momskompensasjon
Lotteri- og stiftelsestilsynet
Formålet med ordninga er å fremje frivillig aktivitet. Dette blir gjort ved å godtgjere for kostnadar som frivillige organisasjonar har hatt til meirverdiavgift ved kjøp av varer og tenester.
Kven kan søke
Organisasjonen må vere registrert i Frivilligregisteret, og frivillig innsats må vere ein viktig del av verksemda for å søke.
Send søknad
Søk momskompensasjon
Søknadsfristen er 1. september 2025.
Kva kan de søke om
Det kan søkast etter to modellar:
- Forenkla modell: Minstegrensa for å søke er 100 000 kroner i søknadsgrunnlag.
- Dokumentert modell: 7 000 kroner i faktiske meirverdiavgiftskostnader.
Grensene gjeld ikkje for organisasjonar som skal søke gjennom sentralledd.
Merk
Organisasjonar som er knytt til eit sentralledd som til dømes Norges idrettsforbund, Norske Kvinners Sanitetsforening eller liknande organisasjonar skal sende søknaden via dei. Sentralledda har eigne søknadsfristar som er tidlegare enn Lotteri- og stiftelsestilsynet sin frist.
Les meir
Les meir om ordninga på Lotteri- og stiftelsestilsynet sin nettstad
Publisert 03.07.2025 14.17
Sist endra 04.07.2025 08.45