
Tysdag 1. september: Naturmøteplassen i Valldal
Stad: Grindløa på Øygarden i Valldal
Tid: klokka 12-13.30
Vertane serverer bålkaffi og noko å bite i. Stikk også innom Stikk UT!-turmålet på Olavsvegen i Syltemoa, ikkje langt frå grindløa.
NB! Neste naturmøteplass er tysdag 15. september klokka 12-13.30. Besøk frå friluftsrådet.
Tysdag 1. september: Fokhaugen rundt med Eva og Bjørnar

Stad: Oppmøte på parkeringslplassen ved Kvitlebrua, Langsætrane i Stordal
Tid: klokka 18
Eva og Bjørnar inviterer til ein rusletur rundt Fokhaugen, 1,5 - 2 timar i roleg tempo. Start på Kvitlane, over brua til Fokhaugstova og Puske-sida ut att. Det kan vere våte parti, så gode sko er lurt. Enkel tur, passar for alle. Turen går forbi ein StikkUT! - post.
Måndag 7. september: Trolltur i Eidsdal
Stad: Eidsdal. Oppmøtestad vert kunngjort på Eidsdal IL si facebookside
Tid: klokka 18
Kor mange Stikk UT!-turar klarer du i Friluftslivets veke?
5.-13. september inviterer friluftsråda i Møre og Romsdal til markering av Friluftslivets veke. Bli med på StikkUTFORDRING og registrer så mange turmål du kan i appen på telefonen.
Ordførarens tur
Tid og stad vert kunngjort seinare.
God tur!