Friluftslivets september i Fjord

Det er tid for friluftslivets veke og Stikk UT! Festival. I Fjord vert dette opna med bålkaffi på naturmøteplassen i Valldal og tur Fokhaugen rundt med Eva og Bjørnar tysdag 1. september. Alle er velkomne! 

Bål som brenn i ei grue utandørs. Kaffikjel og ferdigsteikte vafler. - Klikk for stort bilete

Tysdag 1. september: Naturmøteplassen i Valldal

Stad: Grindløa på Øygarden i Valldal
Tid: klokka 12-13.30

Vertane serverer bålkaffi og noko å bite i. Stikk også innom Stikk UT!-turmålet på Olavsvegen i Syltemoa, ikkje langt frå grindløa.

NB! Neste naturmøteplass er tysdag 15. september klokka 12-13.30. Besøk frå friluftsrådet.

Tysdag 1. september: Fokhaugen rundt med Eva og Bjørnar

Raudt skilt med StikkUT! i gult. Skog, røsslyng og bregner i bakgrunnen. - Klikk for stort bilete

Stad: Oppmøte på parkeringslplassen ved Kvitlebrua, Langsætrane i Stordal
Tid: klokka 18

Eva og Bjørnar inviterer til ein rusletur rundt Fokhaugen, 1,5 - 2 timar i roleg tempo. Start på Kvitlane, over brua til Fokhaugstova og Puske-sida ut att. Det kan vere våte parti, så gode sko er lurt. Enkel tur, passar for alle. Turen går forbi ein StikkUT! - post. 

Måndag 7. september: Trolltur i Eidsdal

Stad: Eidsdal. Oppmøtestad vert kunngjort på Eidsdal IL si facebookside
Tid: klokka 18

Klarer du 10 Stikk UT!-turar i Fjord i Friluftslivets veke?

5.-13. september inviterer friluftsråda i Møre og Romsdal til markering av Friluftslivets veke. Bli med på StikkUTFORDRINGA for Fjord og registrer minst 10 turmål i appen på telefonen. Trekning av premiar! 

Ordførarens tur - Tafjord

utandørs, fjell, snø på toppane, grønt gras, blå himmel, bygning, steinplatting - Klikk for stort bileteHøgbakken

Velkomen til å bli med på ordførarens tur 2026 som går til Høgbakken, gapahuken i Jimdalen i Tafjord. 

Gapahuken ligg fint til på eit utsiktspunkt og er tilrettelagt med grill. Der er også toalett. Gapahuken og området rundt er gitt i gåve frå Tafjord Kraft til Tafjordbygda. Turruta går forbi Tafjord Kraft sitt admininstrasjonsbygg, kraftstasjonane K1 og K4 og Karft- og skredsenteret.
Enkel tur i lag med ordførar Terese JEmtegård Moen og lokal kjentmann og historieforteljar Stig Falling. 1,3 km kvar veg.

TID: Måndag 21. september klokka 18.00
STAD: Oppmøte og parkering ved Tafjord friluftsbad.

God tur!