Friluftsbarometer lansert

For første gong er kommunane i Møre og Romsdal rangert etter korleis dei legg til rette for friluftsliv. Resultatet viser at Fjord kommune er nummer to i fylket og best på Sunnmøre.

Først i landet med friluftsbarometer

Som først i landet lanserer Forum for natur og friluftsliv (FNF) eit friluftsbarometer for kommunane i Møre og Romsdal. Barometeret set måletal på ti utvalde indikatorar som er viktige for breidda i friluftslivet. Målet er meir og betre friluftsliv i kommunane gjennom systematisk arbeid. 

Målingane viser at Fjord kommune er nummer to i fylket etter Molde.

Fjord er god på turstiar

Fjord kommune har flest sti- og turvegar i fylket, med 325 meter per innbyggar. Det er 100 meter meir enn Tingvoll som er nummer to på lista. Sidan Fjord kommune er den fjerde største kommunen i areal i Møre og Romsdal, så er det ikkje overraskande at vi også har veldig mange meter med turstiar.

Andre punkt som Fjord skårar på er strandsoneareal, trygg tilgang til rekreasjonsareal og nærturterreng og medlemsskap i friluftsorganisasjonar. 

Friluftsliv for folkehelse og bulyst

Barn på tur i skogen - Klikk for stort bilete

I utgangspunktet er friluftsliv noko alle kan drive med på kvart sitt nivå, og det gir helseeffekt for alle. Forsking viser at fysisk aktivitet er viktig både for fysisk og psykisk helse. For mange er terskelen til å trene på til dømes eit treningssenter høg, og enkelt friluftsliv kan difor vere eit godt alternativ som krev lite utstyr og tilrettelegging. Friluftsliv er ein trend i tida som fremjar folkehelse og bulyst.

På nettsida til FNF finn du utrekninga bak resultata og heile rapporten.