Folkemøte om Totalforsvarsåret 2026

Fjord kommune inviterer alle innbyggjarar, verksemder og frivillige lag og organisasjonar til eit ope og uformelt møte om totalforsvarsåret. Møtet vert på Martin Linge-huset tysdag 10. mars klokka 18-20.

Velkomen til folkemøte om Totalforsvarsåret 2026

Fjord kommune inviterer alle innbyggjarar, verksemder og frivillige lag og organisasjonar til eit ope og uformelt møte der du får høyre frå nokre av dei viktigaste beredskapsaktørane i landet informere om Totalforsvarsåret 2026

Tid og stad

Tysdag 10. mars klokka 18-20 i kultursalen på Martin Linge-huset i Valldal 

Desse deltek på møtet

Statsforvaltar Else May Botten, Heimevernet, Sivilforsvaret, politiet og fleire lokale krefter som jobbar for tryggleik og beredskap i kommunen vår. 

Tema

•    Korleis er den sikkerheitspolitiske situasjonen for landet vårt? 
•    Korleis blir Norge forsvart? 
•    Kva gjer norske styresmakter for å førebyggje og handtere kriser og krig? 
•    Kva skjer i Totalforsvarsåret 2026 – og kvifor er det viktig? 
•    Kva rolle har kommunen i kriser og krig? 
•    Korleis kan du og verksemda di styrke eigenberedskapen? 
•    Kvifor treng vi at alle er med og bidreg? 

Formål

Målet med møtet er å gi klar og felles informasjon som styrkjer tryggleiken i bygdene våre, byggjer tillit og gjer oss betre rusta til å forstå situasjonen rundt oss – og til å avsløre falske nyheiter. 

Dette er eit møte for alle. Ta med naboen – og kom! 

Saman gjer vi Fjord kommune tryggare og meir robust!
 

diverse matvarer eigenberedskap - Klikk for stort bileteEigenberedskapslager Daniel Fatnes/DSB

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Lær meir om Totalforsvarsåret 2026 DSB