Folkemøte om framtida for Stranda vgs og lokalsamfunna våre
Kva framtid skal Stranda vidaregåande skule ha – og kva betyr det for regionen vår?

Ordførarane i Stranda og Fjord kommune inviterer alle – elevar, foreldre, besteforeldre, næringsliv, frivillige og engasjerte sambygdingar – til folkemøte på Stranda vgs onsdag 24. september kl. 16.30.
Det blir innlegg frå ungdom, næringsliv, frivillige, politikarar og lokalsamfunnet. I tillegg blir det kulturelt innslag og servering av lokal mat – ein fin anledning til både prat, mat og mingling.
Her får du sjansen til å høyre, meine og dele di stemme om noko som rører oss alle.
Ta med naboen, vener eller familien – dette er eit møte for heile Stranda og Fjord!
Vi ønskjer alle hjarteleg velkomne!
Publisert 24.09.2025 07.27
Sist endra 24.09.2025 07.27