Fredag 16. januar inviterer vi alle elevar i 1.-10. klasse i Fjord til å bli med Flåklypa frå Paris til pyramidene - heilt gratis! Etterpå er det open hall i Martin Linge-huset for 8. klasse og oppover. Vel møtt!
Bli med til Flåklypa - heilt gratis!

Fredag 16. jaunar klokka 18 viser bygdekinoen filmen Flåklypa - Fra Paris til pyramidene. Sjå traileren for filmen hos bygdekinoen.
Stad: kultursalen i Martin Linge-huset i Valldal
Filmen er gratis for alle barn og unge som går i 1.-10. klasse på skulane i Fjord og finansiert med tilskot frå Møre og Romsdal fylkeskommune.
Blir du med?
Open hall
Etter filmen blir idrettshallen opna for fri aktivitet for dei som går i 8. klasse og oppover til 18 år fram til klokka 22. Open hall er eit samarbeid mellom kommunen og ungdomsklubben i Valldal og er eit tilbod til alle ungdommar i Fjord og bygdene omkring. Det vil bli open hall ein gong i månaden.
Ungdomsklubb
Ungdomsklubben i Valldal startar oppatt etter ei tid utan aktivitet. Det er planlagt klubbkveldar i 3. etasje på Martin Linge-huset kvar fredag framover våren. Ungdomsklubben er eit tilbod til dei som går på ungdomsskulen og på vidaregåande skule.
Ungdomsklubben vil bli drifta av Fjord kommune i eit samarbeid mellom FAU og føresette til elevar på ungdomstrinnet ved Valldal skule. Informasjonsskriv blir sendt ut.

Trango
Same kveld klokka 20 viser bygdekinoen filmen TRANGO - om to norske ekspedisjonar i fjellmassivet Trango som vert rekna som milepælar i internasjonal klatrehistorie. Trango har aldersgrense 9 år og varer i 2 timar.
Kjøp billettar hos bygdekinoen eller i døra.
Publisert 13.01.2026 15.40
Sist endra 14.01.2026 15.27