Fjord Pride 2025

For første gong markerer Fjord kommune Fjord Pride, og du er invitert til å vere med. Tysdag 3. juni heisar vi regnbogeflagget og feirar mangfaldet!

person med regnbogeflagg - Klikk for stort bileteOrdføraren med regnbogeflagget.

Fjord-Pride 3. juni

Vi heisar regnbogeflagget og feirar mangfaldet med to markeringar i Fjord kommune:

  • Allmenningen i Stordal kl. 16.30 - 17.30
  • På sætra Klovset i Valldal kl. 18.30 - 19.30

Det vert appellar ved ordførar Terese Jemtegåd Moen, 
Maria Holand Tøsse og Mats Grimsæth.

Velkomen

Bli med og vis di støtte. Vi oppfordrar alle til å heise regnbogeflagget denne dagen. Fjord kommune heiar på mangfald, kjærleik og retten til å elske den ein vil!

Programinnslag?

Om du ønskjer å bidra til programmet kan du ta kontakt med ordføraren på førehand.

Gjeld markeringa på Klovset

Følg skilt mot Lingås. Følg vegen i store slyng oppover, forbi bustadfelt, hyttefelt og gardar heilt til siste tunet i Lingås. Køyr forbi løa og parker bilen på merka p-plass, eller køyr vidare til Klovset på bomveg (2,4 km). P-plass til ca 15 bilar på Klovset. Om du vil gå frå Lingåsen kan du rekne ein times gange på grusveg. Bompengar kr 70 Lingås - Klovset.

plakat. dekorativ - Klikk for stort bileteFjord Pride 2025
Terese Jemtegård Moen
Ordførar
E-post
Telefon 92 80 56 59