Fjord kommune ynskjer utleigebustader med tilvisingsavtale

Fjord kommune ønskjer å inngå tilvisingsavtale med ein eller fleire utbyggjarar som har til formål å eige, forvalte og leige ut bustader. 

Laga med KI

Kommunen har særleg behov for bustader tilpassa ei aldrande befolkning, og vi ønskjer derfor prosjekt som tek omsyn til dette. Bustadane må liggje sentrumsnært i Eidsdal, Valldal eller Stordal.

Kva er ein tilvisingsavtale?

Tilvisingsavtalen er ein avtale mellom kommunen og profesjonell utleigar om kommunalt disponerte bustader. Avtalen gir kommunen får tilvisingsrett til inntil 40 % av alle utleigebustadane i 20 år. I små prosjekt med fire bustader eller færre, har kommunen tilvisingsrett til alle bustadane.

  • Dersom kommunen ikkje har behov, kan bustaden leigast ut på det opne marknaden, i samsvar med fristar i samarbeid avtalen.
  • Ved etablering av bustader med tilvisingsavtale gjennom nybygging, ombygging eller kjøpsprosjekt, kan det søkjast om lån i Husbanken til heile prosjektet.
  • Det er huseigar som inngår leigekontrakt med den enkelte bustadsøkjar. For nærare informasjon om utleigebustader med tilvisingsrett, sjå husbanken.no.
  •  Husbankens krav til kvalitet samsvarer med byggteknisk forskrift (TEK). For nærare informasjon om  lån til utleigebustader, sjå husbanken.no.

Kva kommunen vektlegg

I val mellom bustadprosjekt vil kommunen legge vekt på:

  • Beliggenheit - sentrumsnært Eidsdal, Stordal, Valldal
  • Aldersvennlege bustader
  • 2- og 3 roms bueiningar
  • Bustad og bu-miljø kvalitet. Bustader med livsløpstandard vil særleg størrelse og funksjonalitet på bad bli vektlagd.
  • Husleige nivå
  • Tidspunkt for ferdigstilling
  • Plan for uteområde og  fellesareal

Få informasjon direkte frå Husbanken

Birger Jensen frå Husbanken vil informere og ta imot spørsmål tysdag 10. mars kl. 13.00 på kommunestyresalen i Valldal.

Tilbodet må innehalde: 

Beskriving av utleigeselskapet, firmaattest, plan- og fasadeteikningar og situasjonsplan. All innsendt dokumentasjon frå tilbydarar vil bli behandla konfidensielt fram til eventuell avtale er inngått.

Utlysing av tilvisingsavtaler kjem ikkje under regelverket om offentlege anskaffingar.

Tidsfrist og kontaktperson

  • Søknadar blir behandla fortløpande 
  •  Meld interesse til Fjord kommune på, post@fjord.kommune.no 
  • Eventuelle spørsmål kan rettast til Are Sveinung Leira
Are Sveinung Leira
Prosjektleiar HUS
E-post
Telefon 97 41 88 38