Frå venstre i bilete: Fungerande leiar, Senteret for et aldersvennlig Norge, Nina Myklebust, Kommunalsjef helse, omsorg og velferd i Fjord kommune, Sindre Søvik Erstad, Rådgivar i Senteret for et aldersvennlig Norge, Olav Sæbø. Foto: Tina Kjensli Dyrseth
Senteret for eit aldersvennleg Noreg har inngått ei avtale om å teste ut nye tiltak for å få fleire eldre digitale. Samarbeidet skal bidra til å gjere kvardagen enklare og meir digital for eldre. Eit av tiltaka er å teste ut digitale treffpunkt i fleire bygdelag der nokre av nærbutikkane også får ei rolle. Målet er å utvikle løysingar som kan gi stor effekt og rullast ut i heile landet.
Pilotane skal testast ut i tre kommunar på Sunnmøre
– Dette har vi verkeleg sett fram til å få sett i gang. Vi er svært nøgde med å ha fått med oss Fjord kommune i denne piloten. Fjord er ein liten kommune med spreidd busetnad, og nettopp dette er viktig for oss å teste ut, seier Nina Myklebust, fungerande leiar i Senteret for eit aldersvennleg Noreg.
Sidan senteret fekk i oppdrag av regjeringa å bidra til at fleire eldre blir digitale og meir sjølvhjelpne, er det gjennomført ei omfattande kartlegging. – Det har vore viktig for oss å finne ut kva for tilbod som finst, kva som fungerer og kva som ikkje gjer det. Og ikkje minst kva folk sjølve ønskjer seg, forklarar Myklebust.
Digitale treffpunkt i fleire bygdelag
Mange har utfordringar med å møte fysisk til kurs, til dømes på grunn av avstand, helse eller mangel på transportmoglegheiter, og fleire uttrykkjer difor eit ønske om å få digital opplæring nærare heimen. Dette er eitt av elementa i piloten som no blir sett i gang i Fjord.
Pilotane skal omfatte ein felles møteplass for opplæring, hjelp, spel og sosiale aktivitetar. Senteret utviklar eit eige kursopplegg med pedagogisk tilrettelagt materiell i samarbeid med Kakadu - eit norsk teknologiselskap som lagar digitale rettleiingar for folk som slit med digitale tenester. Vidare vil det bli mogleg å låne nettbrett med seg heim slik at ein kan øve i sitt eige tempo utan å måtte investere i eige utstyr, fortel Myklebust.
I tillegg vil Fjord sjå på korleis ein kan tilby opplæring heime for dei som ønskjer det.
Tiltaka rettar seg både mot dei som ikkje er digitale, og mot dei som kan litt, men som strevar med enkelte oppgåver.
Mange ikkje-digitale
– For oss er dette ei unik moglegheit. Vi har mange eldre som ikkje er digitale, men som vi veit ønskjer å bli det. Samstundes vert det i dag arbeid godt på dette område gjennom Seniornett som har faste dagar både i Stordal og Valldal. Dei blir viktige samarbeidspartar for å sjå korleis vi kan nå endå fleire og senke terskelen for å ta imot hjelp. Og så håper vi òg å nå dei som ikkje trur dei treng å vere digitale, men som kanskje let seg freiste til å prøve gjennom dette tilbodet, seier Sindre Søvik Erstad i Fjord kommune.
– Den aukande digitaliseringa i samfunnet gjer det krevjande for mange eldre å halde følgje. Digital kompetanse er viktig for å kunne delta i ein stadig meir digitalisert kvardag.
For ytterlegare informasjon:
Nina Myklebust, fungerande leiar Senteret for et aldersvennleg Norge, tlf. 906 97 101, e-post Nina.Beate.Myklebust@helsedir.no
Sindre Søvik Erstad, Kommunalsjef helse, omsorg og velferd Fjord kommune, tlf. 958 55 960, e-post sindre.sovik.erstad@fjord.kommune.no
Nettside: Senteret for et aldersvennlig Norge