Feiing og tilsyn av bustadar og fritidsbustadar i Valldal

Frå 08. oktober vil innleigd foretak, Brannteknikk AS, starte opp med feiing av bustadar som ikkje har mottatt feiing for 2024. Dette gjeld i hovedsak frå Hoel til Langdal. 

Det oppfordrast til at dei som fekk SMS-varsel om feiing tidlegare i år, og ikkje fekk dette om å ta kontakt snarast med Brannteknikk AS på mob. 98 77 99 88.

Brannteknikk AS vil deretter utføre feiing og tilsyn av fritidsbustadar i området Omenås, Gjerde, Lingås og Muriås. Varsel vil kome i god tid, men vi anbefalar å gjere klart for besøket for å sikre at feiing og tilsyn kan gjennomførast. 

Hytteeigar eller representant for eigar må være til stades under tilsynet. Det vil ikkje bli utført feiing dersom tilsyn ikkje kan utførast. 
Brannteknikk AS vil nytte uniformert bil og ha ID-kort tilgjengeleg.

Kva må vere klart til besøket:

  •  Typegodkjent takstige eller trinn skal være fastmontert i bærande konstruksjon opp til skorsteinen uansett taktype, for at feiing skal kunne utførast under alle forhold. 
  • Stige opp til takstige/trinn skal nå minst 1 meter opp forbi takstigen, og må sikrast mot velting og forskyving sidelengs og baklengs. 
  •  Skorsteinar som er høgare enn 1,2 m frå der feiaren står til skorsteinstopp, skal ha fastmontert plattform.
  •  Finn gjerne fram bruksanvisning og monteringsanvisning o.l tilhøyrande skorstein og eldstad. 
  • At bustaden/fritidsbustaden har røykvarslarar og brannslokkeapparat, vil også være ein del av tilsynet.